SKAPARHUSET FLYTTAR UT AV LOKALA I SJØGATA

Kjære alle vener av Skaparhuset

Etter fleire gode år i Sjøgata har vi fått beskjed om at vi må flytte ut av lokala våre, då huseigar har sagt opp leigeforholdet. Vi kjem til å flytte ut i løpet av november, samtidig som vi arbeider med å undersøke moglegheitene for korleis heile eller delar av Skaparhuset kan leve vidare i ny form.

Gjennom åra har vi saman skapt mykje meir enn berre eit lokale. Skaparhuset har vorte ein møteplass for idear, samarbeid, kreativitet og fellesskap. Det er vi utruleg takksame for. Så sjølv om dette markerer slutten på eit kapittel, håpar vi at det også kan vere starten på noko nytt.

Takk til alle som har vore med på reisa.

PS: Alt skal tømast, så vi har mykje greier som vi må kvitte oss med - ta kontakt på e-post om nokon ønsker å overta noko for ein billig penge. Det må i tilfelle hentast innan utgangen av november.

 
hus-kvitt-1.png
 
 

Skaparhuset er der læring møter næring, eit møtepunkt for innovasjon og samarbeid og eit drivhus for dei gode ideane.

 
tema-1.jpg

arrangement

Skaparhuset skal vere ein myldreplass for gode idear og inspirasjon. Kom og ta plass!

 
Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.

 

 

skaparklubb

Vi treng fleire framtidsoptimistar

banner-4.jpg

start_opp

 

Gründerhjelp får du på Hoppid-kontor i heile fylket - også i Ulsteinvik.

 
banner-5.jpg

ny_vinning

Samhandling gir resultat

 
banner-3.jpg
 
hus-kvitt-2.png
 
 

Har du ein idé du ynskjer sette ut i livet - men manglar nettverk og ressursar for å gjennomføre? På Skaparhuset kan spede spirar få hjelp til å gro.

 
552.jpg

magasin

Skaparhistorier frå eit rikt læringsliv - til glede og inspirasjon.