Ber du på ein draum?
HoppID.no, Ulstein kommune, Skaparhuset og Ulstein Næringsforum inviterer til Teams-møte for gründerar, skaparar og innovatørar.
Tema for møtet:
Nye kommunale næringsfond (Ulstein kommune)
Ulstein kommune har fått tildelt midlar for å motverke pandemien i tre omgonger. Formannskapet set statuttane for tildeling og kommunalsjef Monica Cecilie Torp vil informere om kva ein kan søke støtte til og korleis ein søker.
HoppID-ordninga (ÅKP)
HoppID.no er fylkeskommunen si gratisteneste for gründerar og iverksettarar. Tenesta er gratis og rådgjevingskontoret i Ulstein v/Robert Voldnes vil presentere ordninga.
Verkemiddelapparatet (ÅKP)
Gjennom verkemiddelapparatet, kan ÅKP bistå bedrifter og gründerar i ulike faser av oppstart og prosjekt. Seniorrådgjevar Robert Voldnes vil gå gjennom dei ulike programma og ordningane.
Skaparhuset (Skaparhuset/iKuben)
Midt i Ulsteinvik ligg regionen sitt skaparhus. Ein multi-verkstad for kreative prosessar, prototypar og krysning mellom bransjar, generasjonar og kompetansar. Dine mulegheiter presenterast av dagleg leiar Kjersti Kleven.
Næringsutvikling (Ulstein Næringsforum)
Di lokale næringsforeining arbeider for at næringslivet i Ulstein skal kunne forløse heile sitt potensiale. Dagleg leiar Daniel Garden informerer om prosjekta UNF arbeider med.