Gründergløgg
des.
4.
4:30 p.m.16:30

Gründergløgg

Bli med på Gründergløgg 4. desember!

Vi inviterer til Gründergløgg – ein sosial og inspirerande ettermiddag for deg som er gründer, sjølvstendig næringsdrivande, eller berre nysgjerrig på gründerlivet.
Møt andre skaparglade folk, få påfyll av inspirasjon og kos deg med gløgg (med og utan futt i), julekaker og gode samtalar på Skaparhuset.

4. desember kl. 16.30–18.30
Skaparhuset, Ulsteinvik
Gratis – inkludert gløgg og kaker
Del av Julstein adventskalender

PROGRAM:
16:30 Velkomst og gløgg i koppen
16:45 Sharing is caring - gründerar fortel
17:30 Snøggprat - vi blir kjent på fem minutt
18:00 Felles refleksjon/workshop
18:30 Avslutning og meir gløgg i koppen for dei som vil fortsette kvelden

Desse kjem for å dele:

Sunnmøre Strikkefestival – festivalen som har sprunge rett inn i hjartet på ei heil målgruppe og treft tida midt i blinken.
Randorama – den heilt nye toppturfestivalen som debuterer på Sunnmøre i mars, og som allereie skapar buzz.
Kva har strikk og topptur til felles? Mykje meir enn du trur! Bak kulissene ligg dei same utfordringane:
finansiering, marknadsføring, realitetssjekkar, målgrupper, partnarar, risiko – og modige val.

Josefine Spiro frå teamet i Joda Media
Strategisk historieforteljing og frå idé til vekst på rekordtid.
JoDa Media jobbar med noko alle verksemder treng, men få meistrar fullt ut: å fortelje historia si på ein måte som skil seg ut, bygger tillit og gjer merkevara tydelegare. Bak selskapet står søskenparet Josefine og Daniel Spiro, som har etablert ei solid verksemd med hovudkontor på Horisont Fosnavåg.

Josefine skal dele om den ekte gründerreisa:
– korleis dei fekk dei første B2B-kundane sine
– kva som faktisk funkar når du skal etablere deg i eit konkurranseprega marked
– og ikkje minst: ærleg om utfordringane som dukkar opp når ein startar frå scratch – og korleis dei har jobba seg gjennom dei.

EasyCheese-gründer Håkon Engeset
Korleis går ein frå ein enkel idé til eit produkt som blir ein nasjonal snakkis? På Gründergløgg 4. desember får du høyre den ekte historia frå gründeren sjølv. Håkon deler erfaringar om korleis det starta, kva som måtte til for å kome i gang, og kva han har lært på vegen når ein utviklar noko heilt nytt for eit breitt publikum.
Dette blir eit jordnært og inspirerande innblikk i innovasjon i praksis – perfekt for deg som er nysgjerrig på entreprenørskap eller vurderer å satse sjølv!

Metizport
Gjengen bak Metizport har på få år utvikla ei lokal satsing til ein internasjonalt retta suksess innan e-sport og ungdomskultur.
Dei skal fortelje om korleis ein bygg struktur i ein ung bransje, korleis ein handterer raske skift, og kva ein lærer når ein skal skalere eit digitalt og kreativt prosjekt i høgt tempo.

BASEN Ulsteinvik
Blant dei ferskaste gründarane som tek turen, finn vi teamet bak det nye treningssenteret BASEN, som opnar i Ulsteinvik over nyttår. Dei fortel om kva som fekk dei til å satse, kva som har vore dei viktigaste vala undervegs, og korleis det er å utvikle eit fysisk tilbod midt i ei tid med stor konkurranse og høge forventingar.

Og så har vi sjølvsagt med oss eminente Robert Voldnes i hoppid/ÅKP, som er Ulstein sin inngangsport til gründermoglegheitene i regionen. Han kombinerer realisme og entusiasme – med ærlege, nyttige tilbakemeldingar som gir ein tidleg realitetssjekk og sparar deg for snublesteinane seinare.

Her er det berre å meld seg på, for dette blir kjekt: https://forms.office.com/e/kQczGPph4V

Vis arrangement →
Frukostmøte: Korleis bygge høgtpresterande team?
nov.
13.
8:30 a.m.08:30

Frukostmøte: Korleis bygge høgtpresterande team?

Torsdag 13. november kl. 08:30-10:00 vil The Assessment Company gi oss eit lite djupdykk i korleis bygge høgtpresterande team. Her vert følgende utforska:

  • Kva grunnpilarar må vere på plass for at eit team skal fungere?

  • Kva kjennetegner høgpresterande team?

  • Korleis trene på teamutvikling?

  • Viktigheita av psykologisk tryggheit i team

Vis arrangement →
Start smart – verktøykassa for nye bedrifter
nov.
4.
4:30 p.m.16:30

Start smart – verktøykassa for nye bedrifter

Planlegg du å starte bedrift – eller er du nyleg i gong og vil ha betre oversikt på økonomi, støtteordningar og praktiske grep?
Då er denne ettermiddagen midt i blinken for deg!

Kom på Start smart denne ettermiddagen og få konkrete råd, gode eksempel og tips til korleis du kan bygge eit solid grunnlag for vidare vekst.

🎤 Du møter:

  • Robert Voldnes, ÅKP / hoppid – viser deg korleis du kjem i gong, finn støtteordningar og får fart på idéen.

  • Melinda Eidem, SpareBank 1 Regnskapshuset SMN – gjer rekneskap, moms og skatt forståeleg og relevant for deg som gründer.

🥐 Gratis, lærerikt og uformelt – med lett servering og moglegheit til å møte andre som er i same båt.

👉 Meld deg på og start smart!

Medarrangørar: hoppid og Sparebank 1 Regnskapshuset SMN

Vis arrangement →
Mørelounge - Leiarkonferansen 2025
okt.
21.
5:00 p.m.17:00

Mørelounge - Leiarkonferansen 2025

Etter Leiarkonferansen 2025 på Quality Hotel Ulstein vert det Mørelounge på Skaparhuset. Det vert mat, bobler og mingling.
Mørelounge er inkludert i billetten til Leiarkonferansen

Per Joar Hansen held foredrag - Ein strategisk leiar med lidenskap for utvikling og prestasjon.

Per Joar, ofte kalla "Perry", er ein erfaren og visjonær fotballtrenar, pedagog og leiarutviklar med over 20 års fartstid frå toppfotballen i Noreg og Sverige. Han har vore hovudtrenar for Rosenborg BK, Aalesunds FK, Ranheim og GIF Sundsvall, og leia det norske U21-landslaget til EM-sluttspel – ei historisk bragd som framleis står som eit høgdepunkt i norsk fotball. Perry har også vore assistenttrenar på det norske A-landslaget i fire år, saman med Lars Lagerbeck.

Med UEFA Pro-lisens og utdanning frå NTNU og Universitetet i Umeå, kombinerer Hansen solid fagleg forankring med praktisk erfaring frå både idrett og næringsliv. Han har arbeidd med organisasjonsutvikling i privat og offentleg sektor, og har blant anna vore leiarcoach for leiarar og leiargrupper i IF Forsikring i Norge og Sverige.

Per Joar er kjent for å byggje prestasjonskultur, utvikle mennesker og skape resultat, og har ei unik tilnærming til leiarskap. Han trur på relasjonar, eigarskap og involvering som nøkkelen til varig endring. Filosofien hans er enkel, men kraftfull: «Kvar dag kan du velje å bli ein dag eldre – eller ein dag betre.»

Vis arrangement →
Kongsberg Skaparcamp
aug.
4.
til 7. aug.

Kongsberg Skaparcamp

Har du ei tech-hjerne med sansen for koding og programmering, eller er du meir praktisk anlagt og glad i modellbygging? Denne campen passar for deg!

Kongsberg Maritime og Ulstein Næringsforum inviterer til fire kjekke dagar på Skaparhuset i Ulsteinvik der ungdom mellom 13 og 19 år skal få bryne seg på realistiske, varierte og spennande utfordringar frå internasjonalt maritimt næringsliv.

Samlinga skal gi ein smak av arbeidskvardagen hos ein stor aktør som Kongsberg. Du får prøve deg på å arbeide både sjølvstendig og i team med å utvikle og teste prototypar som skal løyse store maritime oppdrag.

Deltaking er GRATIS!

Meld deg på ved å fylle ut skjema på bit.ly/skaparcamp innan 31. juli.

Vis arrangement →
Berekraftig Bygg - fagdag
sep.
26.
10:00 a.m.10:00

Berekraftig Bygg - fagdag

Hjarteleg velkomen til BEREKRAFTIG BYGG - fagdag på Skaparhuset!

Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune ønsker å legge til rette for ein sosial og fagleg møteplass for byggnæringa på heile Søre der kunnskapsdeling, felles kompetanseløft, inspirasjon og motivasjon er målet.

Over to samlingar første og siste torsdagen i september set vi søkelys på bygg for framtida med berekraft og sirkularitet som sentrale stikkord.

Vi har invitert fleire dyktige og framoverlente aktørar frå fjern og nær som skal fortelje om prosjekta sine og arbeidet sitt med berekraft. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Vi oppdaterer fortløpande på ulstein-nf.no etter kvart som komplett program tek form, men sørg for å halde av datoane og spreie ordet vidare allereie i dag

Gratis påmelding her: https://forms.office.com/e/138T4NQqEm

Vis arrangement →
Frukostmøte: Kommunikasjon, språk og kunstig intelligens
sep.
20.
8:30 a.m.08:30

Frukostmøte: Kommunikasjon, språk og kunstig intelligens

Fredag 20. september kl.8:30 får vi besøk av Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum, på Skaparhuset. Alle er velkomne! Tema for møtet er kommunikasjon, språk og kunstig intelligens. Vi kjem til å prate om;

  • Språkrådet som samfunnsaktør og korleis vi i næringslivet kan bruke tenestene deira

  • Auka turisme gir behov for ein meir kompleks kommunikasjonsstrategi – korleis kan vi tilpasse oss reiselivet og samstundes bevare språkleg og lokal identitet?

  • Korleis påverkar kunstig intelligens dagleg drift og kva er konsekvensane?

Vi ser fram til informasjon og god diskusjon rundt desse spørsmåla. Velkomne 🙂

Vis arrangement →
Berekraftig Bygg - fagdag
sep.
5.
10:00 a.m.10:00

Berekraftig Bygg - fagdag

Hjarteleg velkomen til BEREKRAFTIG BYGG - fagdag på Skaparhuset!

Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune ønsker å legge til rette for ein sosial og fagleg møteplass for byggnæringa på heile Søre der kunnskapsdeling, felles kompetanseløft, inspirasjon og motivasjon er målet.

Over to samlingar første og siste torsdagen i september set vi søkelys på bygg for framtida med berekraft og sirkularitet som sentrale stikkord.

Vi har invitert fleire dyktige og framoverlente aktørar frå fjern og nær som skal fortelje om prosjekta sine og arbeidet sitt med berekraft. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Vi oppdaterer fortløpande på ulstein-nf.no etter kvart som komplett program tek form, men sørg for å halde av datoane og spreie ordet vidare allereie i dag

Gratis påmelding her: https://forms.office.com/e/138T4NQqEm

Vis arrangement →
Back to Work
aug.
29.
4:00 p.m.16:00

Back to Work

Tidenes første Back to Work i Ulsteinvik!

Ein avslappa og sosial møtestad på tvers av bransjar er etterlyst i området vårt – no inviterer Ulstein Næringsforum inn både medlemmar og ikkje-medlemmar til det vi håpar vert eit årleg kick off og ein mjuk overgang frå ferien til eit nytt arbeidsår!

Dørene opnar kl.16, og det vil verte servert lett fingermat, godt i glaset og deilig loungstemning. Ulstein Næringsforum kjem til å nytte høvet til å dele ein smakebit av haustens happenings, og kanskje byr vi på underhaldning av eit slag? Kven veit 😉

Her skal alt ligge til rette for å kose seg saman med kollegane dine og danne nye bekjentskap.

GRATIS PÅMELDING HER INNAN 22. AUG

Gå til arrangement på:
Facebook
LinkedIn

Arrangementet vert sponsa av Sparebank 1 SMN <3

Vis arrangement →
Kurs: 3D-printing / additiv produksjon (dag 2)
nov.
1.
9:00 a.m.09:00

Kurs: 3D-printing / additiv produksjon (dag 2)

Bli med og få grunnkunnskap om 3D-printing. Prøv sjølv og lær korleis bedrifter rundt oss nyttar det til m.a. produktutvikling, forbetringsarbeid og produksjon. 3D-modellering og 3D-printing har eit veldig stort potensiale og kan nyttast til svært ulike formål. Det er også ulike måtar å 3D-printe på og ein kan nytte ulike materialar, som pulver, plast eller plater.

Vis arrangement →
Kurs: 3D-printing / additiv produksjon (dag 1)
okt.
25.
9:00 a.m.09:00

Kurs: 3D-printing / additiv produksjon (dag 1)

Bli med og få grunnkunnskap om 3D-printing. Prøv sjølv og lær korleis bedrifter rundt oss nyttar det til m.a. produktutvikling, forbetringsarbeid og produksjon. 3D-modellering og 3D-printing har eit veldig stort potensiale og kan nyttast til svært ulike formål. Det er også ulike måtar å 3D-printe på og ein kan nytte ulike materialar, som pulver, plast eller plater.

Vis arrangement →
SommarCAMP 2023
juni
27.
til 6. juli

SommarCAMP 2023

Skaparhuset inviterer til sommarCAMP for ungdom i sommarferien. Her vil det vere varierte aktivitetsmoglegheiter,  alt i frå kreativ utføring med penn og papir til programmering av elektronikk, gaming, robotar og sensorikk. Vi vil dykke inn i den kreative, virtuelle og matematiske verda i lag.

Sommarcamp 1 :: 27 - 29. juni :: kl 09:00 - 15:00
Sommarcamp 2 :: 4 - 6 juli :: kl 12:00 - 18:00

Samarbeid med Ulstein kommune og Sparebanken Møre

Påmelding: Til Ulstein kommune.
Påmeldingfrist: Invitasjon med påmeldingsfrist blir sendt ut frå Ulstein kommune via skulane.


Vis arrangement →