Workshop om Vibe Coding
Arrangør: Norsk Katapult Digital (ÅKP AS) - Michael Carroza og Pål Haugen
Vil du lære korleis du kan bruke kunstig intelligens til å lage enkle, nyttige verktøy for eigen arbeidskvardag – utan å kunne programmering?
På denne workshopen får du ein heil dag der vi testar AI i praksis. Målet er enkelt: Du skal gå heim med noko du faktisk kan bruke.
Dette jobbar vi med:
✨ Å finne arbeidsoppgåver som eignar seg for AI
✨ Å bygge enkle verktøy som faktisk blir teke i bruk
✨ Å dele løysingane internt – på ein intuitiv måte
✨ Å vurdere kva som gir verdi, og kva de bør jobbe vidare med
Kurset er praktisk retta og utan unødvendige faguttrykk. Her handlar det om å prøve, teste og lære gjennom å gjere.
Det er også utvikla ein enkel nettmodul som støttar læringa undervegs i kurset.
Praktisk informasjon
• Maks 10 deltakarar
• Abonnement på Lovable.dev er anbefalt, men ikkje nødvendig
• Vi serverer lunsj og snacks
PRIS:
Heildags workshop, inkludert enkel lunsj og snacks: kr 5 000 ekskl. mva.
MELD DEG PÅ HER
Dette er ein fin moglegheit for deg som vil utforske AI på ein konkret og forståeleg måte – og sjå korleis det kan skape verdi i di verksemd.