Tilbake til alle arrangementer

Mørelounge - Leiarkonferansen 2025

  • Skaparhuset 30 Sjøgata Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Etter Leiarkonferansen 2025 på Quality Hotel Ulstein vert det Mørelounge på Skaparhuset. Det vert mat, bobler og mingling.
Mørelounge er inkludert i billetten til Leiarkonferansen

Per Joar Hansen held foredrag - Ein strategisk leiar med lidenskap for utvikling og prestasjon.

Per Joar, ofte kalla "Perry", er ein erfaren og visjonær fotballtrenar, pedagog og leiarutviklar med over 20 års fartstid frå toppfotballen i Noreg og Sverige. Han har vore hovudtrenar for Rosenborg BK, Aalesunds FK, Ranheim og GIF Sundsvall, og leia det norske U21-landslaget til EM-sluttspel – ei historisk bragd som framleis står som eit høgdepunkt i norsk fotball. Perry har også vore assistenttrenar på det norske A-landslaget i fire år, saman med Lars Lagerbeck.

Med UEFA Pro-lisens og utdanning frå NTNU og Universitetet i Umeå, kombinerer Hansen solid fagleg forankring med praktisk erfaring frå både idrett og næringsliv. Han har arbeidd med organisasjonsutvikling i privat og offentleg sektor, og har blant anna vore leiarcoach for leiarar og leiargrupper i IF Forsikring i Norge og Sverige.

Per Joar er kjent for å byggje prestasjonskultur, utvikle mennesker og skape resultat, og har ei unik tilnærming til leiarskap. Han trur på relasjonar, eigarskap og involvering som nøkkelen til varig endring. Filosofien hans er enkel, men kraftfull: «Kvar dag kan du velje å bli ein dag eldre – eller ein dag betre.»

Tidligere arrangement: 4. august
Kongsberg Skaparcamp
Senere arrangement: 4. november
Start smart – verktøykassa for nye bedrifter