Tilbake til alle arrangementer

Ulstein vidaregåande skule på Skaparhuset


To klasser frå Ulstein vidaregåande skule er på Skaparhuset nesten ein dag i veka. Dei går studiespesialisering med teknologi og innovasjon og jobbar med nye produkt og innovasjonar på Skaparhuset. Dei nyttar metodar innan innovasjon og forsking, der det å visualisere og teste gjennom prototypar tidleg i prosessen er viktig. Så designar og simulerer dei med digitale vertkøy og dei kan bygge dei ferdige produkta i 3D-printerane eller i verkstaden.

To prosjekt i haust har sett på korleis ein kan auke temperaturen, og dermed honningproduksjonen, i ei bikube og dei har testa styrke i bruer av spaghetti. Det er desse elevane som har laga dei mobile arbeidborda i Skaparhuset og no utviklar dei to arbeidsbord for rullstolbrukarar.

Som bilda viser, var næringsminister Iselin Nybø på besøk 1. oktober.

 
Tidligere arrangement: 9. desember
Workshop i berekraftig forretningsmodellering
Senere arrangement: 11. desember
Toppleiarsamling, kommunane på Søre Sunnmøre